TRENINGS- OG AKTIVITETSSENTER PÅ TYSNES

7. – 11. august vert årets
Aktivitetsleir for born arrangert!

Sjå flyer og Facebookarrangement for meir info:

https://www.facebook.com/events/1458411370883034/

 

 

Dans

MiniPuls

MiniPuls er eit tilbod som er inkludert i ditt medlemsskap hos oss. Her kan borna leke og kose seg
mens mor og far trenar. Me har flinke tilsette som vil gjere det trygt og godt for borna.

Sjå opningstider for når MiniPuls kan nyttast.

 

Fylgjande regler gjeld:

- For born mellom 6 veker og 10 år

- Me har ei grense på 10 born. (Færre dersom det er mange små born)

- Bornet skal skrivast inn og ut på eigne lister

- Dersom bornet er uroleg vert foreldra henta (ofte krevst det noko tilvenning)

- Me har ikkje anledning til å gje mat eller skifte bleier, foreldra vil bli henta ved behov

- Dersom bornet er sjuk kan det ikkje vere i MiniPuls grunna smittefare

- Det er ikkje anledning til å bestille plass på MiniPuls, og ein må respektere om tilbodet er fullt.

- Foreldra må vera tilstades på SvingenPuls så lenge bornet er i MiniPuls

- Det er kun anledning til å ta med eigne born

 

 

Frå hausten 2015 startar Tysnes Kulturskule opp med barnedans for born mellom 6 og 13 år. I tillegg har me starta opp eige danseparti for born 4-6 år som går i tillegg til Kulturskuletilbodet.

 

6-7 år: Barneballett

8-10 år: Jazz/Musikaldans

11-13 år: Jazz/Musikaldans.

Danselærar er Madel Carlsen. Ho er utdanna dansar og har tidlegare jobba som danselærar
ved både Stord og Bømlo Kulturskule.

Meir info på Tysnes Kommune sine sider:

http://www.tysnes.kommune.no/dans-i-kulturskulen.5789168-312078.html

 

 

BarneTrimmen

Full rulle i aerobicsalen der me gjennom leik fokuserer på kondisjon, styrke, balanse og koordinasjon for born.

Innhaldet i timen vil variere frå gong til gong.

 

Her er det god moglegheit for foreldra å trena mens ungane kosar seg i salen.

 

Fylgjande regler gjeld:

- For born mellom 4 og 10 år

- Max 12 born

- Bornet skal skrivast inn og ut på eigne lister

- Det er kun anledning til å ta med eigne born

- Det er ikkje anledning til å bestille plass på BarneTrimmen, og ein må respektere om tilbodet er fullt.

- Foreldra må vera tilstades på SvingenPuls så lenge bornet er på senteret

 

 

KONTAKT OSS /

KART /

 © SvingenPuls Nettsida laga av: Bladet Tysnes Foto: Camilla Korsnes Foto