TRENINGS- OG AKTIVITETSSENTER PÅ TYSNES

Gruppetimar:

BasisBall 4x4 (45 min):

Kondisjonstime med BasisBall som fokuserer på høg intensitet og muskulær utholdenhet. Timen er inspirert

av intervallprinsippet med same namn. Her skal du pushe grensene dine! Timen vert kjørt både ute og inne. (Presisert i timeplanen dersom ute.) Open også for 13-14 åringar.

 

BasisBall RAW (45 min):

Funksjonell styrketrening med BasisBall. Raw hjelper deg å bygge opp RÅ fysikk og har fokus på individualisering av øvelsar og nivå. Timen vert kjørt både ute og inne. (Presisert i timeplanen dersom ute.) Open for 13-14 åringar.

 

BasisBall CenterCore: (45 min).

Fokus på kjernemuskulatur, balanse og stabilitet. Ein roligare time etter body & mind prinsipper.

Er godt egna for alle, open for 13-14 åringar.

 

BasisTrening RIT (45 min):

Rope Interval Training. Ein time bygd opp etter intervallprinsippet HIIT. BasisBall RIT er intensiv

og morsom time som kombinerer BasisBall® og hoppetau. Er godt egna for alle, open for 13-14 åringar.

 

BasisTrening UTE (60 min):

Rope Interval Training. Ein time bygd opp etter intervallprinsippet HIIT. BasisBall RIT er intensiv

og morsom time som kombinerer BasisBall® og hoppetau. Er godt egna for alle, open for 13-14 åringar.

 

CrossMix (55 min):

Tøff treningsøkt med høg intensitet over kort tid. Funksjonelle og enkle styrke- og kondisjonsøvelsar gjer
at du kan yte maks gjennom heile timen!

 

BarneTrimmen (55 min):

Full rulle i aerobicsalen. Eit tilbod til born av medlemmar som er på gruppe- eller eigentrening.

 

CrossPuls (55 min):

Tøff treningsøkt med høg intensitet over kort tid. Funksjonelle og enkle styrke- og kondisjonsøvelsar gjer

at du kan yte maks gjennom heile timen.

 

MammaTrening (45 min):

Gode og varierte treningsøkter retta mot gravide og tida etter fødsel.  Borna kan vera med på treninga, ligge på golvet eller i vogna under timen.

 

Pilates (45 min):

Ei rekkje øvingar for kjernemuskulaturen, der ein kombinerer pust og koordinasjon. Alle øvingane blir utført

på matte, berre ved hjelp av eigen kroppsvekt.

 

PulsStyrke Light (45 min):

Ei økt som inneheld enkel kondisjons- og styrketrening. Av og til har me 20 min sykkel/20 min felles styrke, andre gonger har me sirkeltrening etc. Enkle øvelsar og passer for alle. Fin time å starta på om ein ikkje har trent før eller dersom lenge sidan sist.

 

Senior (45 min):

Varierte og enkle timar tilpassa dei over 60 år. (Bli gjerne med om du er yngre og!) Kondisjon, styrke,

koordinasjon og balanse er nøkkelord. Her tilpassar ein enkelt intensitet etter form og ynskje.

Etter alle seniortimar vert det servert gratis kornblanding og yoghurt i kaffibaren.

 

Senior (55 min):

10 minutt lengre enn senior 45. Noko høgare intensitet, men fortsatt enkel å justere etter eigen form og nivå. Gratis lunsj etter kvar time.

 

StepStyrke (55 min):

Intervalltrening med annakvar sang kondisjon og styrke. Enkle trinn på step får opp pulsen, medan me

bruker vekter på stang for effektiv styrketrening for heile kroppen. Her får du god valuta for timen med trening!

 

StramOpp Puls (45 min):

Enkle trinn på golv og gode styrkeøvelsar som passar for alle, også deg som aldri har trent før. Me brukar mykje kroppsvekt som belastning og har ekstra fokus på teknikk og tryggleik.

 

Styrke30:

Styrketrening i sal der me bruker både stenger m/vekter og kroppsvekt som belastning. Her kan du kjøre

så tungt du vil, alt etter teknikkgrunnlag og form.

 

Symjing (60 min):

Symjing i bassenget på Tysnes Skule. Her trener ein symjing saman uansett nivå og hjelp kvarandre
med teknikk etc etter behov.

 

Sykkel 30:

Ein kort sykkeltime som enten kan gjennomførast som økt for seg sjølv eller som oppvarming/kondisjonsdel

før vidare trening. Timen vil alltid vera i forkant av 30 min styrke i sal, og passar perfekt saman med denne.

 

Sykkel 45:

45 minutts kondisjonsøkt på sykkel. Løype og musikk vil variere etter instruktør og program.
Du bestemmer sjølv kva motstand du vil ha på sykkelen, timen passar derfor for alle.

 

Sykkel 55:

Same som sykkel 45 men varer 10 minutt lengre. Varierer mellom intervaller, bakker og sletter.
Generelt legg instruktøren denne timen opp med litt høgare intensitet, men sidan ein styrer motstand
sjølv er det enkelt å tilpasse timen til sitt nivå og form.

 

Yoga (60 min):

Øvingar som kombinerer pust, konsentrasjon, balanse og styrke, samstundes som ein får strekt

og tøyd ut heile kroppen. Yoga er med på å opne opp, reinse og å skapa betre flyt i kroppen.

 

Zumba: (45 min)

Slepp deg laus med latinske rytmer og brenn mange kalorier utan å ein gong merke det! Me kan garantere

at smilet kjem fram i løpet av desse 45 minuttane. Passar for alle!

 

 

KONTAKT OSS /

KART /

 © SvingenPuls Nettsida laga av: Bladet Tysnes Foto: Camilla Korsnes Foto