TRENINGS- OG AKTIVITETSSENTER PÅ TYSNES

Personleg trening og kosthaldsveiledning

Har du eit bestemt mål? Ynskjer du å koma i betre fysisk form eller treng du hjelp til å sette deg
realistiske mål? Har du ulike plager du ynskjer å bli kvitt?

 

Dette og mykje meir kan me hjelpa deg med. Ved hjelp av personleg trening får du skreddarsydde treningsprogram og full merksemd under treninga. Dine mål og ynskjer er i fokus, samtidig som du får
veiledning og blir motivert for å yte det lille ekstra for å få best mogleg utbytte av treninga di. Du vil lære
mykje om trening og kosthald, og vil lettare kunne trene meir effektivt og målretta også på eigahand.

Timane kan gjennomførast både ute og inne, og me er fleksible på tid og stad.

Me tilbyr også veiledning innanfor kosthald. Kosthald og fysisk aktivitet heng tett saman, og ved f eks livsstilsendring må ein ha fokus på begge deler for eit best mogleg resultat over tid.

 

Noko av det me hjelper deg med:

- Vektregulering – opp eller ned i vekt

- Auka muskelmasse

- Reduksjon av feittprosent

- Auka styrke/uthald/mobilitet/balanse/motorikk

- Spesifikk trening – retta mot spesiell idrett, test el.l.

- Skadeforebygging/rehabilitering

- Bremse aldersrelaterte endringar

- Forebygge, redusere eller bli kvitt livsstilssjukdommar

- Betra livskvalitet, meir energi og overskudd

- Betre generell fysisk og psykisk helse

 

PT 1 – 1:

Trening åleine med full merksemd frå personleg trenar. Individuelt tilpassa treningsplan med f.eks måling
eller testing, alt etter kva målsettinga er.

 

PT gruppe:

2-4 personar åleine med personleg trenar. Alle vil likevel få personlege treningsplanar og oppfølging. Her kan
du trene saman med kjæreste/ektefelle, kollegaer eller vener. Dette er sosialt, kjekt, og ofte ekstra motiverande
å kunne jobba saman mot felles mål.

 

Heimetrening:

Me kjem gjerne til deg om du ikkje kan koma til oss. Den beste treninga er ofte den me gjer med eiga kroppsvekt. Elles er det mange hjelpemidler til trening i ein vanleg heim. Me kan og ta med oss utstyr som gjer at me vil få kjekke og effektive treningsøkter med god variasjon. Her vil ein og kunne hente inspirasjon til å trene heime på eigahand. Kanskje naboen og vil bli med?

 

 

Kosthaldsveiledning:

På ein enkelt time kan du få generelle råd for eit sunt og godt kosthald, retta mot f eks. trening, born, ungdom, eldre, etc. Ynskjer du ein detaljert kosthaldsplan må me først lage ein kostanamnese. Dette krev meir tid.
Me tilbyr også felles veiledningar for sambuarar/ektefeller og familiar. Ta kontakt så lager me ein plan som
er tilpassa dine/dykkar behov.

 

Prisar Personleg trening (55 min):

1 time:

3 timar:

10 timar*:

20 timar*:

50 % tillegg i pris pr ekstra person.

 

Prisar Kosthaldsveiledning (55 min):

1 time:

3 timar:

 

* Ved kjøp av meir enn 3 timar PT kan fakturaen delast opp i inntil 3 betalingar.

 

 

Kr 600

Kr 550 pr time (tot. Kr 1650)

Kr 500 pr time (tot Kr 5000)

Kr 450 pr time (tot Kr 9000)

Kr 600

Kr 550 pr time (tot kr 1650)

 

KONTAKT OSS /

KART /

 © SvingenPuls Nettsida laga av: Bladet Tysnes Foto: Camilla Korsnes Foto