TRENINGS- OG AKTIVITETSSENTER PÅ TYSNES

Yogamassasje

Yogamassasje er ein kombinasjon av ayurvedisk (indisk) massasje og yoga stretching og pust.

I yogamassasje blir alltid heile kroppen behandla. Behandlinga blir utført på ei madrass på golvet
og terapeuten bruker både hender og føter for å koma djupt ned i muskulaturen. Det blir brukt varm økologisk olje og urtepulver. Muskulaturen og bindevevet blir deretter tøyd ut for å skapa betre rom og sirkulasjon i kroppen. Behandlinga blir avslutta med hovud- og ansiktsmassasje og kvile.

 

Ei behandling i yogamassasje varer normalt 75-90 min, og tilsvarer ca. 3 «vanlige» massasje-behandlingar.

 

Madel tilbyr yogamassasje i eit av behandlingsromma på SvingenPuls faste dagar i veka frå slutten
av juli 2015. Ein kan finna meir informasjon om yogamassasje på nettsida www.madelyoga.com
eller på facebook: Madel yogamassasje

KONTAKT OSS /

KART /

 © SvingenPuls Nettsida laga av: Bladet Tysnes Foto: Camilla Korsnes Foto